Aldri før har eg leve eit så roleg liv. Aldri før har eg tid til å lese fem bøker på tre veker. Å vere her er varmt og godt. Det er lærerikt og både kjekt og bra. Eg lærer meg foto, eg lærer meg fransk og eg lærer meg å vente. Gjerne ein heil dag. Shoot kl tre, nei den blir kl åtte, nei vent – me tek det i morgon. Alltid vere klar med sekk, reflektorar, tunge linser og fleire kasser film. Sterk(are) blir eg også, her eg går rundt som eit pakkesel. Montalivet-livet startar bli rutine no. Det er i grunn ganske godt. Samstundes gler eg meg meir og meir til å komme heim til kjente og kjære. Nudistlivet er heilt greit, men intimgrensa mi har eg framleis. Ikkje for det at den har vore så stor før, men eg likar å vere åleine på badet, å sleppe å få gamle menn sine baller (som blir hengande lengre og lengre ned for kvar dag) alt for nære fjeset mitt. Dessutan likar eg best å bli servert mat av folk som har på seg bukse. Bortsett frå dette er livet ganske ok.
7.08.14
2
Uncategorized
_
oj interessant. hvor er det du har vært? jeg har tenkt på det mange ganger at jeg vil dra på ferie en plass jeg kan gå naken
Eg er i Montalivet, to timar utanfor Bordeaux, Malin Christin. Det er visstnok ein av dei største naturistplassane i verda, med over 29 000 naturistar. Ganske behageleg!