Så landa flyet 21:38 og mitt vidare fly gjekk 21:40. Eg spurta, pesa og hosta min veg frå eine ende til den andre berre for å sjå det flyge av stad utan meg og bagen min. Uflaks sa eg og banna høgt i gangen. Men så ordna SAS opp og gav meg fancy hotellrom, dobbeltseng åleine og eit matbudsjett for ei veke å bruke på ein kveld. Flaks sa eg då, og smilte.
Morgonen etter pakka eg sekken, sette meg på flyet og flaug vest. Det var ein tur så pakka med klisjear at eg visste ikkje om eg skulle gråte eller le. Måpande sat eg og fanga over seks hundre bilder av soloppgangen over landet. Aldri før har eg flyge over heime. Eg peika ned på stølen, skiheisen og tenkte at langt der nede sitt Goffa og ser på børsen, medan Gommo kviler i stolen sin med ei bok om kongehuset. Eg landa i Førde til tåke, og kunne ynskje eg kunne flyge turen i repeat.
15.02.15
0
Uncategorized
_