Ein av mine beste venner i klassen er Emil Kjærnli. Han er så flink at eg veit knapt kor ein skal starte. Han veit det nok ikkje heilt sjølv kor flink han eigentleg er, men han er så flink at eg blir heilt veik i knea. Også er han ydmyk og snill. Ein av dei finaste eigenskapa ein kan ha. Det verste eg veit er sjølvgode fotografar som skryt seg opp ti hakk betre enn bileta sine, men slik er ikkje Emil. Han er berre god. Nok skryt no. Om Emil les dette kjem han til å bli så flau at han kjem til å be meg slette dette sporens streks. Uansett, eg og Emil har samarbeida litt i ny og ned. Her er ein film me laga i februar.

 

29.04.14
1 Uncategorized
_


Leave a comment




Follow and Like: