Turen til Frankrike var lang og tårevåt. Avskjeden frå heime hardare enn forventa, men då eg fyrst kom meg på flyet var det godt å endeleg vere på veg. Eg og Sigrid gjekk spente gjennom dei teppebelagte golva på flyplassen i Bordeaux før me begge brukte litt ekstra tid på å finne kofferten av nervøsitet for å møte fotografen me skal assistere; Jock Sturges. Gjennom døra kunne me sjå han pratande i telefonen med ei blå baseballluve på hovudet. Me tok eit djupt innpust, gjekk ut og smilte som berre det. Here we are, trur eg me sa – og Jock sa Its nice to meet you. Det var absolutt ingen grunn til å vere nervøse, då Jock viste seg å vere ein triveleg mann som likar å halde praten i gang. Det er den framleis, og me får høyre historier om alle store fotografar og redaktørar samt røverhistorier om alle naboar. Bungalowen, som eg endå ikkje har funne ut korleis eg skal skrive, er liten men heimekoseleg, og desse to månadene kjem nok til å springe frå uss når me fyrst kjem i gang.
Legg ved nokre bilder frå flyturen hit.
19.07.14
0
Uncategorized
_