Eg har flytta til eit kollektiv med balkong. Det kjennest så godt å kunne ete appelsin i sola og titte ned på folk som går forbi. Då eg spelte teater som liten fekk me i oppgåve å observere folk, og det har eg på ein måte aldri slutta med. For folk er så rare, fine, teite og sære. Og det er så sjukt å tenkjer på at kvar einaste person har nokon dei er glade i og nokon dei drøymer om og eit heilt nettverk eg ikkje veit om.
29.04.14
1
Uncategorized
_
det er noe litt magisk ved å observere fremmede