#2

egil_signeluksengard

Eg fartar på. Frå Trondheim til Ål til Oslo til Hellas så Trondheim så Krakow så Ål før Sogn så tilbake til Oslo og det kjennest ut som alt eg gjer er å sjå landet suse avgarde. Det er så fint og så seigt, så dyrt og så mykje igjen. Møte menneske ein ellers ikkje møter, sove i vonde seter, barnebursdag her, dåp der og plutseleg var halve hausten gått og ein må springe til jobb om morgonen. Pustar til brystet, lovar seg sjølv å starte å trene, gløyme å kjøpe stigsykkel, gløymer å ringe oppatt berre spring frå her til der. Men også så mykje spennande, fast løn, gode venner, fine reiser, ny mat og smake. Knipsar som aldri før, over 300 brukande bilder. Her er to av dei.

7.10.15
0 Uncategorized
_


Leave a comment




Follow and Like: