Kjenner meg nesten død etter eit ekstremt maraton sidan jul. Ikkje det at eg har springe eit, men tida har berre flyge forbi og eg har vore over alle haugar – eit par dagar her og eit par dagar der. Bestemte meg for å bli 100% frilans igjen frå jul, og er så glad for det. Sjølv om hovuded sender stressande tankar om å greie seg økonomisk, om å følge draumen, om å fotografere betre enn nokon gong, om å fotografere det eg har lyst å fotografere, å gje hundre prosent på både dokumentar, fashion og i tillegg gjere kommersielle jobbar. Lage bok, overleve på det. Skal bli flinkare til å prioritere frå no av. Kan ikkje ende opp som revane hjå naboen.
Uff, eg skal slutte å klage. Det skjer så mykje spennande. Det skjer så mykje nytt. Det er no eg eigentleg lever.
3.05.16
0
Uncategorized
_