Assistering

I dag er det fredag og to dagar til avreise. Avreise til kva lurar du kanskje på, og eg skal fortelje deg at eg skal til Frankrike på sundag. Ikkje for å feriere, men for å jobbe. I nesten to månedar framover skal eg ha base i Bordeaux. Jobben er å assistere fotografen Jock Sturges. Han er aktfotograf, og bur like ved ein nudiststrand. Det var det eg trudde då eg takka ja. Det viser seg at nudiststranda er ein nudistby me skal bu i, og eg kjenner at dette kan bli svært spennande for meg som aldri har sett mine føter på ei nudiststrand ein gong.

 

frida

(Her er Frida i Frankrike for eit par år sidan. Beklagar litt dårleg kvalitet, eg fann ikkje anna enn gamalt facebookmaterieale just nu.)

 

Eg veit ikkje heilt kva eg har i vente. Eg ser for meg tjukke, solbrente tyskarar med solhatt, runde solbriller, rompetaske og med sokkar i sandalane. Sjølvsagt med ei pølse i handa. Eg håpar det nesten er nokon slike der, og då håpar eg at eg får lov å fotografere dei. Time will show som dei seier, og no har eg berre att å gjere ferdig det som kjennest som ti små fotojobbar, pakke (kva pakkar ein eigentleg til nudiststrand lurar eg på), besøke kjente og kjære og gråte ein skvett.

Det er rart, til eldre eg blir til verre blir det å reise vekk frå heime. Alltid klumpen i magen når eg reiser vekk og at eg i tankane mine tenkjer «kvifor i all verda kan du ikkje berre flytte hit og bu her for alltid?». Det gjer direkte vondt i magen å reise vekk frå mamma, pappa, veslebror og veslesyster, kjærast og besteforeldre og fine fine venner. Men eg kjem jo tilbake, og då er framleis alt som det alltid har vore. Eg for bu her vidare seinare, for no skal eg jo på eventyr.  Gler meg til å fortelje om det til dykk!

 

11.07.14
0 Uncategorized
_


Leave a comment




Follow and Like: