August

_DSC8365

 

Er det ikkje alltid slik at det er; når det er aller finast må ein seie farvell og reise? Det slår liksom aldri feil. Siste kveld i Lofoten gav kveldssola dei finaste skyene sett frå brua ved Henningsvær. Siste dag i Paris var det rosa då eg flaug heim. Til og med siste dag i Førde var fin og solvarm. No var sommaren også forbi, og eg sat i ein klam buss tilbake til Oslo. Trass mykje jobb har den vore god. Eg har omtrent tjue filmar i sekken frå bokprosjektet om heime, litt opptjente peng og ein underarm av blåmerker frå sykling. Eg har hovudet full av historier, om skogen og minnet fullt av kjærlege klemmar. Farvell det trygge fine heime, og hei hallo by, trikk og bane. I haust skal eg ta mange bileter.

27.08.15
2 Uncategorized
_


  1. marie sier:

    jeg liker bloggen din, signe. Så kjekt å snike litt i hva fhs-folkene driver med 🙂

  2. Signe sier:

    takk, så koseleg å høyre at du følger med 🙂

Leave a comment




Follow and Like: