DEAD

tumblr_o5mawrNXMf1t0w2fso1_r1_1280 (1)

Kjenner meg nesten død etter eit ekstremt maraton sidan jul. Ikkje det at eg har springe eit, men tida har berre flyge forbi og eg har vore over alle haugar – eit par dagar her og eit par dagar der. Bestemte meg for å bli 100% frilans igjen frå jul, og er så glad for det. Sjølv om hovuded sender stressande tankar om å greie seg økonomisk, om å følge draumen, om å fotografere betre enn nokon gong, om å fotografere det eg har lyst å fotografere, å gje hundre prosent på både dokumentar, fashion og i tillegg gjere kommersielle jobbar. Lage bok, overleve på det. Skal bli flinkare til å prioritere frå no av. Kan ikkje ende opp som revane hjå naboen.

Uff, eg skal slutte å klage. Det skjer så mykje spennande. Det skjer så mykje nytt. Det er no eg eigentleg lever.

3.05.16
0 Uncategorized
_


Leave a comment




Follow and Like: