Den morgonen eg gjekk på do 18 gonger

 

Dette er mitt attende dobesøk berre i formiddag. Det svir medan den vesle dråpen av urin drypp forsiktig mot vatnet i doen. Plipp seier det. Ikkje eit plopp ein gong. Det kjennest meiningslaust å dra opp snora for å spyle ti liter med reint vatn ut, og sløse med det som mange må gå mange mil for å hente kvar dag. Eg las nemleg ei bok om ”50 ways to save the world” då eg var femten. Eg ville forandre verda. Gjere ho betre. Eg var sinna på at Noreg juksa med klimakvota, korleis Amerika gjekk til krig og kvifor ikkje alle berre kunne vere venner. Litt naiv, kanskje, skulle bli statsminister. Læraren min på folkehøgskule var god på sitat og kom med dette ein gong: ”Da jeg var ung ville jeg forandre verden. Nå bare observerer jeg den.” Den gjeld i alle fall meg. Litt. For her eg sitt på do med den eine vesle urindråpen min sømmande i ti liter med vatn synest eg det er vanskeleg å dra i snora. Samstundes seier hjernen min til meg «herregud, er det such a big deal, liksom.» Tankane krinsar rundt om  dette: om eg turkar meg er det ekkelt for nestemann å gå på do, sjølv om det berre er ti liter med vatn, ei dråpe urin og litt papir som ligg der. Det vesle dilemmaet gjer at eg blir sittande litt lenger. Tenkje over at eg faktisk bør save the world littegranne meir medan eg håpar at det kjem ei dråpe til. Men det gjer det ikkje, så eg ristar meg som om eg var ute på tur. Altså, ein dråpe urin, det kan vel ikkje akkurat vere så veldig uhygienisk å ha i trusa. I det eg vaskar hendene kjenner eg at eg må tisse på ny. Eg har vore gjennom dette før og veit at det berre er hjernen min som lurar meg medan eg nynnar på det eg trur er ein musikalsang som går noko som Here I go agaaaiiiin.IMG_1117.2

Eg set meg ved bordet og tygg på endå eit tranebær. Eg har nesten ete opp heile posen. Posen er eigentleg bror sin, men han for tåle havregraut med berre turka ananas på i morgon. Det er uansett ganske luksuriøst å ha tranebær på grauten om morgonen når ein er student, og så tenkjer eg at akkurat no har eg behov for desse bæra litt meir enn det han har. Kanskje litt egoistisk, men har me ikkje lært at alle eigentleg er egoistiske innst inne og sjølv om me faktisk prøver å save the world så gjer me det litt fordi me sjølv vil føle oss gode. Det var det ein som meinte i alle fall. Eg hugsa ikkje heilt kven, det er lenge sidan eg har lese filosofi.

 

Eg kunne tenkt meg å lese meir. Kunne meir. Vinne quiz og diskusjonar. Ikkje misforså, eg har sterke meiningar og eg kan ein del. Eg har alltid vore interessert i kunnskap. Problemet no er at no har alle ein bachelor eller mastergrad i alle verdas ting og tang at ein kan ikkje berre starte å meine noko om noko utan å ha lese seg skikkeleg opp. Og det brukar eg ikkje alltid gjere, for eg veit jo jammen meg ikkje kva ting me skal diskutere før me er i gang. Så då blir eg sittjande der då, og seie at ”Nei, eg er ueinig.» og seie at eg trur det er slik og slik,  sjølv om tru kan du gjera i kykrja, som ein gut eg var forelska i ein gong for lenge sidan sa til meg. Men igjen, eg veit ikkje akkurat om han hadde rett i så mykje..

 

Det eg veit er at det svir og at eg må tisse. Eg spring inn på doen, prøver presse ut eit par dråpar til. Spring innatt til varmen og sett meg ned. Prøver å ikkje vere kald. Det kan vel gjere det endå verre. I morgon må eg til legen. Jaja, så e det på’an igjen. Eller HERE WE OG AGAIIIIIN som nokon eg ikkje hugsa namnet på song på radioen.

 

eksamen signe008.3eksamen signe007eksamen signe008.2

24.06.14
2 Uncategorized
_


  1. marthe sier:

    kjenner meg veldig igjen i det du skriver. det var meg for noen uker siden..
    du skriver skikkelig bra.

  2. Signe sier:

    Ohyeah, blærekatarr er det verste. Me for stå saman, kanskje gå i 8.mars-tog og rope «NEI TIL BLÆREKATARR FOR KVINNER» neste år!

Leave a comment




Follow and Like: