Eg sit og arbeidar med eksamen i desse dagar. Sola skin, og aller helst vil eg berre ligge i parken, ete jordbær og lese ei god bok. Misforstå meg rett, foto er fantastisk – og oppgåvene er flotte. Det er berre det at det er sinnsjukt varmt og det kjennest som om alle har fri. Og tar eg med dataen ut i sola ser eg jo ingenting. Uansett. Eg driv som sagt med eksamen. Den sjølvvalte delen av eksamen, og eg har valt sjangeren fashion. I den oppgåva skal eg ha ein locationshoot, ein studioshoot og to filmar (bakomfilm og artfilm.) Eg er ferdig med location, har studio i morgon og sitt no og redigerar artfilmen. Her er nokre teaserstills.
3.06.14
0
Uncategorized
_