Det har gått fem år. Eg er atter tilbake. Det kjennest som i går, som om eg berre har vakna i ein draum og at alle fjes eg ein gong kjente er borte og bytta med nye. Eg burde vere vant med det til no, men det er alltid så rart å vere tilbake. Som å gå tilbake i tid. Sitte på rommet som ein gong var mitt. No er det kvitt og upersonleg og i mellomtida har det budd andre i senga mi. Folkehøgskuleelevane er unge og framande. Nesten som born. Eg hugsar eg følte meg så stor då eg gjekk her, no går eg forbi gutar eg tenkte eg sikkert hadde vore forelska i i 2009.
Det er så mange ting som er annleis no enn då. Alle har smarttelefonar på middagsbordet, medan eg ikkje såg på min telefon på eit heilt år. Det har blitt automatisk lys på do, ja – og doen er flytta frå bøttekottet og inn i eit sterilt, kvitt og upersonleg rom. Heva standaren med andre ord. Eg trivdas ganske godt i det bøttekottet i grunn. Der hadde ein lister me skreiv ned fylle-ynskja våre på. Eg føler eg kjem frå steinalderen, og eg føler sjølv brøytestikka eg går forbi på veg til butikken har ein historie.
Når ein så skal forelesa, og vere den som har peiling må eg nesten stoppe meg sjølv i å flire. Eg kjenner meg framleis like stor som eg gjorde i sjuande klasse. Berre med litt meir erfaring, eller bagasje i kofferten – alt ettersom korleis ein ser det. Ikkje noko kriminelt, heldigvis.
Å vere her er å sjå dei siste fem åra i fort film. Eg kan henge ting og hendingar på knaggar, men i bunn og grunn er eg den same og i det heile har eg nok forandra meg ein del. Eg har eigd tre vinterjakker sidan då, lagt på meg tre kilo, slutta å trene, starta å trene og tatt pause. Eg har sikkert vore betatt av minst femten personar dei siste fem åra, vore ordentleg forelska i seks og fått hjarte mitt knust sånn omtrent fjorten gonger . Eg har dansa meg gjennom netter, drikke meg skamfull og nesten vore avhols i eit halvår. Medan alt dette har skjedd har Vågakallen ruga over Lofoten, Svolværgeita blitt klatra til topps mang ein gong og eg lurar så på korleis alt vil vere neste gong eg er her nord.
10.11.14
0
Uncategorized
_