Om Førde City, vindfulle vegar og ei tomatplante

IMG_3472Januar har forsvunne på eit blunk. Den fyrste månaden har gått fortare enn eg kunne førestilt meg. Ikkje fordi eg trudde det kom til å å vere kjedeleg å vere nynorskpraktikant – men fordi eg kanskje ikkje hadde dei høgaste forventningane til Førde City. Eg hadde nemleg høyrd litt av kvart om denne byen på Vestlandet; “Du veit det ikkje er noko snø der, sant?” sa ein, “Du veit det er seriøst ingenting å gjere der bortsett frå å gå på den eine puben som finns; Akutten – som ligg nære sjukehuset – og det seier jo sitt.” Sa ein annan før ei tredje skaut inn at: inn “Ja, eg har høyrd det er Noregs STYGGASTE by!”

 

Eg var med andre ord ikkje veldig gira på å bu i denne mykje omtala byen, då eg sette meg i bilen på veg mot vest. Her forlèt eg det trygge fjellet på austlandet, ein plass der det aldri stormar, der snøen ligg som melis og der sola alltid skin. Men vest skulle eg og vest køyrde eg. Over dalar og mot fjell. Det bles og eg kjende vinden ruske i sida av bilen. Snøen fauk forbi som kvite veggar og eg tviheldt på rattet, prøvde legge tyngda mi mot høgre. Som om mi tyngde skulle hjelpe mot denne blesten. Eit sus så høgt eg kjende vinden nesten kome inn gjennom døra og dra meg ut den andre. Vegen føykte igjen, eg køyrde i 80 og høyrde på jazz på radioen. Song ut og tenkte at til høgare eg song desto tryggare var eg. Sikta meg inn mellom brøytestikkene. Takk Gud for brøytestikkene, tenkte eg – sjølv den ateisten eg er; ja inni helvete takk Gud for dei brøytestikkene.

 

Eg kom meg til slutt over fjellet. Trass kolonnekøyring på alle kantar fekk eg lurt meg over. Og så var eg altså her. På Vestlandet og kjende regnet slå mot ruta. Eg kjende meg som den mest einsame i heile verda, og kunne ikkje skjøne kvifor i all verda eg skulle reise frå alt det fine og hit. Grein som ein bebis heile vegen frå Sogndal til Førde.  Då eg kom til det blå huset mitt i sentrum måtte eg ta meg saman. Eg turka tårene, snøyt snøret vekk og parkerte bilen før eg opna døra til eit kjøkken på storleik som Harry Potter sitt loft under trappa.

 

På kjøkkenet sat Olav og Steinar, helsa fint og virka i og for seg ganske trivelege. Eg bar pappask på pappask inn på rommet mitt. Hadde tatt med eit heilt flyttelass og verkeleg fylt bilen. Hadde tenkt eg skulle få tid til å starte med alt eg ikkje har hatt tid til før, så inn på rommet kom alt av målesakar, teiknesakar, fem kamera, telt, liggeunderlag, yogamatte, turskål, fjørpennar, skrivesaker, pølsepenal, pyntegjenstandar, bilete, klede og faktisk nytteverdige gjenstandar som tannkost og krem. Til og med ei tomatplante hadde eg med. Ei tomatplante på boks, som eg sette stolt ved sidan av vasken. Olav hadde berre med seg ein liten bag, og eg tenkte eg kanskje tok litt hardt i då eg såg han og Steinar sine forundra fjes. Det regna. Me såg Kampen av Tungtvatnet på NRK,  eg sovna utslitt på den nye senga mi og drøymde om soldatar i uniform.

 

No, ein månad seinare er det morosamt å tenkje på den fyrste dagen. Kor redd eg var og kor skummelt alt virka. Magni sitt strenge blikk og Førde sitt uhorvelege mørke. Månaden har gått fort.  Det har vore ei omvelting å starte som nynorskpraktikant; å gå frå frilanskvardagen der ein jobba til seine natta og sov så lenge ein ville, til måtte stå opp klokka sju kvar helsikes morgon. B-menneske i meg slit framleis med det, men det er godt å ha ein jobb å gå til. Livet mitt har blitt litt meir A4; eg står opp sju og sovnar så snart kveldsnytt er over. Men eg likar rutinane. Dagane på jobb går fort, det er mykje å lære. På fritida sit me og drøymer oss bort i alle slags jobbar det går an å ha i framtida. Er Steinar den nye Knut Nærum? Er Olav den nye Brenner, Bård den nye Steinfeld og Gunnhild den nye Åse Marit Befring? Og kva med eg? Kor hamnar eg? Barne TV, kanskje? Uansett framtidsdraumar, no er me i Førde og det er faktisk ikkje så gale som det ein skulle tru. Her finnst det heile fem treningssenter, tre kjøpesenter, kulturhus, svømmehall, alle slags rare kurs, beachvolleyball inne, puben Pikant, kino og eit stort kunstsenter, og sikkert mykje mykje meir. Vekene blir fylt opp av volleyball, yoga, quiz, latter, middagar og gode folk. I tillegg finns det eit spa så herleg som få, og eg har til no skjemt meg bort med massasje ein gong i veka. Eg skal ikkje skryte på meg å seie at veret er det beste eg har oppleve. For det meste har det regna, lyna og tordna – men køyrer ein ti minutt i alle retningar er det nok snø til å gå på ski, og Sogndal er jo nesten rett rundt svingen.

 

Tida har flyge forbi, eg har ikkje hatt tid til å opne verken teltet og teiknebøkene. I dag såg eg ein blå flekk på himmelen. Nei, livet er ikkje så ille som alle skulle ha det til i Førde. Til og med tomatplanta mi har starta bløme.

(skrive for www.nynorskmediesenter.no)

4.02.15
0 Uncategorized
_


Leave a comment




Follow and Like: