Sommaren

mathias_signe_luksengard

(Mathias på traktoren, mai 2015. Outtake frå Leved-boka eg jobbar med i sommar)

Etter knappe sju dagar ferie er eg tilbake i Hallingdal og tilbake i rutinane. Opp klokka ti på halv åtte, jobb klokka åtte til fire, ete og sove. Og slik går dagane. Men det er fint å vere heime. Heime er det alltid mat i kjøleskapet, alltid bretta klede og alltid folk å vere med. Eg går turar, ser filmar, heng med venner og fotograferar.

Prøver og jobbe så mykje eg kan med Leveld-prosjektet mitt, men det er vanskeleg å komme innpå folk, få lov å ta bilete og generellt finne folk som er heime. Skal eg ringe fyrst? Er det lettare å si nei på telefon? Skal eg berre banke på, eller blir det å komme busande inn på folk? Det er mange spørsmål og mange ting og tenke over, men det viktigaste er at eg er i gang. At eg går turar og pratar med folk.

Eg jobbar i fire veker til. Etter det er eg fri som fuglen, bestemmer eigen arbeidstid og må produsere. Dette siste halvår har vore safe og fint, men det er foto eg vil gjere så då er det berre å gunne på. Eg kryssar fingrane for at mykje av boka er ferdig innan starten av oktober, og ellers er det berre å vere i Oslo og gjere fleire kommersielle jobbar som kan betale for husleiga. Heldigvis har eg eit bryllup, litt arkitekturfotografering og nokon kjekke teaterjobbar i vente. Og eit par mote- og dokumentarseriar i hovudet.

22.07.15
0 Uncategorized
_


Leave a comment




Follow and Like: