12345678

ONE TWO THREE FOUR FIVE SIX SEVEN EIGHT ONE from Signe Fuglesteg Luksengard on Vimeo.

 

I vår hadde me eit dokumentarkurs på skulen som skulle omhandle ungdom/kids. Eg bestemte meg for å dokumentere Nixies Cheerteam i Trondheim. Cheerleading er ein sport eg ikkje har noko peiling på. Eg såg for meg scener frå Bring It On, spiritfingers og mykje drama. Heldigvis viste verklegheita seg å ikkje vere i nærleiken av dramatikk. Lite visste eg om kor hardt cheerleading var, kor spreke dei er, kor sterke dei er og kor bra samhald det er på laget.

 

_SFL8599_SFL7552_SFL8920_SFL7472_SFL8169_SFL7820_SFL8645_SFL8843_SFL9167_SFL8146_SFL9225_SFL7668_SFL7877_SFL7553_SFL7892_SFL8099_1_SFL8143_SFL8981_SFL8737

Klikk HER for å sjå meir

Kvit

1

Eg har alltid vore fascinert av det ekle mot det reine. Ein kan vere så perfekt ein berre vil, men alle har blod, ørevoks og mensen. Alle må på do og alle prompar i søvne, rapar etter ein har drikke brus og kan vere veldig ekle om ein tenkjer over det. Ein stor kontrast mot det perfekte og glatte porselensfjeset de ser. Dette var utgangspunktet då eg laga denne serien om Ingeborg.

kvit.2 4kvit.4kvit.57kvit.7

KVIT.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
MUA: Siw Janne Vigstad
Modell: Ingeborg – Trendmodels

#1

Det er alltid skummelt å starte. Det fyrste blir alltid nøye vurdert. Alle hugsar den fyrste skuledagen, då pappa knipsa bilete i hagen og det kom fotograf på besøk på skulen. Sjølv sat eg i ein båt med mine to klassekameratar og mamma til lærar. Slik er det å vekse opp på bygda. Alle kjenner alle. Det var difor ikkje rart at mitt fyrste kyss var med ein av dei to gutane eg gjekk i klasse med. Eg var elleve år gamal, og hadde gode vinnarsjansar på kyss-klapp og klem på mitt årstrinn, dog med konkurranse frå årstrinnet over og under. Eg har allereie no fortalt to av mine fyrste opplevingar, sjølv om den andre var ein liten kvit løgn, men kven kan vel eigentleg ha lov til å fortelje at det fyrste kysset var i ein alder av fire år med bror framom steikeomnen? Nei, visse ting bør vere unemnt, sjølv om det no er allereie for seint, og du må tru at bygda eg kjem frå berre har innavl. Det stemmer ikkje heilt, sjølv om eg er femmenning med meg sjølv.

 

Nok rabbel, og tilbake til det fyrste. Det er skummelt. Ein blir sett i bås. Eg hugsar framleis setningar frå fyrste skuledag i åttene klasse, då mi beste venninne Birgit røyta i ein skulebolle og ein eplekjekk Nils Gunnar spurte ”Er det ditt hår” medan ei raud Birgit gøymde seg bak boka. Det er kanskje den einaste replikken frå ungdomsskula eg hugsar ordrett. Men det er vel ikkje heilt sant det heller, eg har god hukommelse. Eg hugsar i alle fall heilt sikkert at Stian var kjent for å vere guten med dei korte buksene berre fordi han hadde ei kort ei på seg fyrste skuledag.

 

Uansett, den fyrste supen av øl, den fyrste stryking over ei hand av ein gut eller det fyrste innlegg. Det let merke seg. For du lurar sikkert litt på kven eg er, og no har du allereie dømt meg. Det er berre å gjere det fort og gale, difor kan ein kort introduksjon av meg sjølv kan vere på sin plass:

 

Eg heiter Signe. Eg er tjuefire år og to månadar og om eit par månadar ferdig med mi fotoutdanning på Norsk Fotofagskule. Det er så skummelt at eg orkar knapt tenke på det. Eg har for eit halvt år sidan fått min fyrste ordentlege kjæraste, noko som er fantastisk fint og akkurat som å vere ferdigutdanna og ikkje vite korleis det skal gå med framtida – veldig skummelt. Eg bur på eit 8 kvadratmeter stort rom i sentrum av Trondheim og prøver å vere flink og snill og grei og alt det der.

 

Så her har du meg. Følg meg om du vil, eller ikkje om det er det du vil. No veit eg at eg i alle fall skal sove, så kan det komme noko meir etterkvart. God natt.

Follow and Like: