september

iphone4

September gjekk så fort at eg føler eg framleis er i august. Månaden starta så innmari fint med at Anders kom til Frankrike. Me var på roadtrip gjennom Sør-Frankrike saman med alle pensjonistane. Såg Bordeaux, der eg fann alle yndlingsbutikkane mine frå Paris i ei og same gate, me sov i ei boble, var turistar, bada, åt god mat, køyrde fort langs motorvegen, budde i fine hus, besøkte fotofestivalen i Arles og i grunn berre kosa oss. Så var eg plutseleg tilbake i heimbygda mi, det var sol og eg følte eg levde midt i Norge Rundt då eg høyrde på Gjermund Larsen Trio på øyret medan eg tusla ned til barneskulen for å vere vikarlærar. Eg var heime og på Fuglesteg med familien i ei lita veke før eg var nødt til å vende tibake til kvardagen og faktisk prøve leve som fotograf. Noko så skummelt! Eg trur eg framleis trur eg skal få stipend, og det er så rart å plutseleg skulle klare seg heilt sjølv. Leve som sjølvsendig næringsdrivande fotograf. Herregud! Kor startar ein? Eg med å skrive mailar, sende kort, oppdatere det eine og det andre før eg heldigvis fekk nokre jobbar dalande i fanget frå ingenstader. Eg var heldig å få fotografere programbileta til Trøndelag Teater sitt stykke Moby Dick, ei hytte heime og å assistere Lars Botten i Nord Trøndelag. Den siste månaden kjennest ut som eg har leve i ein bag. Frankrike, Ål, Sogn, Trondheim, Ål, Trondheim, Nord Trøndelag. Ja, og så var det oktober heilt plutseleg og eg kom på at eg faktisk har meldt meg opp til eit fag på universitetet. Så eg for vel snart gå og kjøpe fagbøkene så eg kan få sendt semesteroppgåva av garde. God oktober.

iphone.6iphone.3iphone.8iphone.7

 

 

3.10.14
0 Uncategorized
_


Leave a comment




Follow and Like: