Sognefjell

fjell1

Etter eit besøk hjå der eg stammar frå, køyrde me over Sognefjell. Susa over fjellet i berg og dalbane og med sug i magen. Ved sidan av oss glitra Store Skagastølstind, den store majestet. I bilen høyrde me på gamle slagarar, lo og prata om framtid og fortid. Eg elskar fjellet.

12.04.15
0 Uncategorized
_

Harriet

mondieuMin beste venn har blitt far. Det er så sprøtt å tenkje på. Det kjennest ut som om det berre er eit par år sidan eg og han leika saman i barnehagen, og no har han snart ei eiga dotter der. Planen var at me skulle ha ungar på same alder, men det for bli med hans evt nr to. Uansett, eg er nesten blitt tante. Berre nesten, men veldig stolt.

 

Saman med kjæresten min, Anders, bestemte eg meg for å lage ei babygåve. Det resulterte i denne boksen, tittekassa eller nattlampa. Kjært born har mange namn og mange funksjonar. Anders har bygd han, kobla lys og sett alt saman – eg står for idé og bilete inni.

Boksen har tre glasplater, det ytterste fungerar som glas – det i midten til å ha bilder på transparent papir og det innerste til å ha bilete i typ vanleg papir. På denne måten får boksen eit tredimmensjonal kjensle. Boksen har to lysbrytarar, ein for raudt lys og eit for kvitt. Den er bygd i tre.

Eg og Anders er ganske fornøgde, og lurar på om me skal laga fleire lignande Harriet-boksar. Om nokon har tilbakemeldingar eller tips, hadde det vore supert å fått høyre.

18.03.15
0 Uncategorized
_

mondieu_signeluksengard

 

Så landa flyet 21:38 og mitt vidare fly gjekk 21:40. Eg spurta, pesa og hosta min veg frå eine ende til den andre berre for å sjå det flyge av stad utan meg og bagen min. Uflaks sa eg og banna høgt i gangen. Men så ordna SAS opp og gav meg fancy hotellrom, dobbeltseng åleine og eit matbudsjett for ei veke å bruke på ein kveld. Flaks sa eg då, og smilte.

Morgonen etter pakka eg sekken, sette meg på flyet og flaug vest. Det var ein tur så pakka med klisjear at eg visste ikkje om eg skulle gråte eller le. Måpande sat eg og fanga over seks hundre bilder av soloppgangen over landet. Aldri før har eg flyge over heime. Eg peika ned på stølen, skiheisen og tenkte at langt der nede sitt Goffa og ser på børsen, medan Gommo kviler i stolen sin med ei bok om kongehuset. Eg landa i Førde til tåke, og kunne ynskje eg kunne flyge turen i repeat.

 

mondieu_signeluksengard.1

15.02.15
0 Uncategorized
_

Om Førde City, vindfulle vegar og ei tomatplante

IMG_3472Januar har forsvunne på eit blunk. Den fyrste månaden har gått fortare enn eg kunne førestilt meg. Ikkje fordi eg trudde det kom til å å vere kjedeleg å vere nynorskpraktikant – men fordi eg kanskje ikkje hadde dei høgaste forventningane til Førde City. Eg hadde nemleg høyrd litt av kvart om denne byen på Vestlandet; “Du veit det ikkje er noko snø der, sant?” sa ein, “Du veit det er seriøst ingenting å gjere der bortsett frå å gå på den eine puben som finns; Akutten – som ligg nære sjukehuset – og det seier jo sitt.” Sa ein annan før ei tredje skaut inn at: inn “Ja, eg har høyrd det er Noregs STYGGASTE by!”

 

Eg var med andre ord ikkje veldig gira på å bu i denne mykje omtala byen, då eg sette meg i bilen på veg mot vest. Her forlèt eg det trygge fjellet på austlandet, ein plass der det aldri stormar, der snøen ligg som melis og der sola alltid skin. Men vest skulle eg og vest køyrde eg. Over dalar og mot fjell. Det bles og eg kjende vinden ruske i sida av bilen. Snøen fauk forbi som kvite veggar og eg tviheldt på rattet, prøvde legge tyngda mi mot høgre. Som om mi tyngde skulle hjelpe mot denne blesten. Eit sus så høgt eg kjende vinden nesten kome inn gjennom døra og dra meg ut den andre. Vegen føykte igjen, eg køyrde i 80 og høyrde på jazz på radioen. Song ut og tenkte at til høgare eg song desto tryggare var eg. Sikta meg inn mellom brøytestikkene. Takk Gud for brøytestikkene, tenkte eg – sjølv den ateisten eg er; ja inni helvete takk Gud for dei brøytestikkene.

 

Eg kom meg til slutt over fjellet. Trass kolonnekøyring på alle kantar fekk eg lurt meg over. Og så var eg altså her. På Vestlandet og kjende regnet slå mot ruta. Eg kjende meg som den mest einsame i heile verda, og kunne ikkje skjøne kvifor i all verda eg skulle reise frå alt det fine og hit. Grein som ein bebis heile vegen frå Sogndal til Førde.  Då eg kom til det blå huset mitt i sentrum måtte eg ta meg saman. Eg turka tårene, snøyt snøret vekk og parkerte bilen før eg opna døra til eit kjøkken på storleik som Harry Potter sitt loft under trappa.

 

På kjøkkenet sat Olav og Steinar, helsa fint og virka i og for seg ganske trivelege. Eg bar pappask på pappask inn på rommet mitt. Hadde tatt med eit heilt flyttelass og verkeleg fylt bilen. Hadde tenkt eg skulle få tid til å starte med alt eg ikkje har hatt tid til før, så inn på rommet kom alt av målesakar, teiknesakar, fem kamera, telt, liggeunderlag, yogamatte, turskål, fjørpennar, skrivesaker, pølsepenal, pyntegjenstandar, bilete, klede og faktisk nytteverdige gjenstandar som tannkost og krem. Til og med ei tomatplante hadde eg med. Ei tomatplante på boks, som eg sette stolt ved sidan av vasken. Olav hadde berre med seg ein liten bag, og eg tenkte eg kanskje tok litt hardt i då eg såg han og Steinar sine forundra fjes. Det regna. Me såg Kampen av Tungtvatnet på NRK,  eg sovna utslitt på den nye senga mi og drøymde om soldatar i uniform.

 

No, ein månad seinare er det morosamt å tenkje på den fyrste dagen. Kor redd eg var og kor skummelt alt virka. Magni sitt strenge blikk og Førde sitt uhorvelege mørke. Månaden har gått fort.  Det har vore ei omvelting å starte som nynorskpraktikant; å gå frå frilanskvardagen der ein jobba til seine natta og sov så lenge ein ville, til måtte stå opp klokka sju kvar helsikes morgon. B-menneske i meg slit framleis med det, men det er godt å ha ein jobb å gå til. Livet mitt har blitt litt meir A4; eg står opp sju og sovnar så snart kveldsnytt er over. Men eg likar rutinane. Dagane på jobb går fort, det er mykje å lære. På fritida sit me og drøymer oss bort i alle slags jobbar det går an å ha i framtida. Er Steinar den nye Knut Nærum? Er Olav den nye Brenner, Bård den nye Steinfeld og Gunnhild den nye Åse Marit Befring? Og kva med eg? Kor hamnar eg? Barne TV, kanskje? Uansett framtidsdraumar, no er me i Førde og det er faktisk ikkje så gale som det ein skulle tru. Her finnst det heile fem treningssenter, tre kjøpesenter, kulturhus, svømmehall, alle slags rare kurs, beachvolleyball inne, puben Pikant, kino og eit stort kunstsenter, og sikkert mykje mykje meir. Vekene blir fylt opp av volleyball, yoga, quiz, latter, middagar og gode folk. I tillegg finns det eit spa så herleg som få, og eg har til no skjemt meg bort med massasje ein gong i veka. Eg skal ikkje skryte på meg å seie at veret er det beste eg har oppleve. For det meste har det regna, lyna og tordna – men køyrer ein ti minutt i alle retningar er det nok snø til å gå på ski, og Sogndal er jo nesten rett rundt svingen.

 

Tida har flyge forbi, eg har ikkje hatt tid til å opne verken teltet og teiknebøkene. I dag såg eg ein blå flekk på himmelen. Nei, livet er ikkje så ille som alle skulle ha det til i Førde. Til og med tomatplanta mi har starta bløme.

(skrive for www.nynorskmediesenter.no)

4.02.15
0 Uncategorized
_

KIT

vilde

I går var eg på åpen dag på Kunsthlgskulen i Trondheim. Der går ei gamal folkehøgskulevenninne, Vilde Blom, og ho hadde det finaste studio etter min smak, med bilete av mugg som er zooma skikkeleg inn på og så printa på fine tekstilar. Innmari fine tekstilar. Innmari fine bilder, og eg synest det er så fint og kult at ho har gjort mugg som er så ekkelt så vakkert. Eg håpar ho ein dag syr ein fin kjole som fancy folk går med og utan at dei veit det går dei rundt med mugg på seg. Det hadde vore morro det.

Ellers tullar me med å lage kunstutstilling Fise, Feis, Fese. Men det trur eg (i alle fall foreløpig) blir ein tull.

I morgon reiser eg til Paris. Au revoir, Norvegé. Bonjour France.

7.12.14
0 Uncategorized
_

karl

Ein bildeserie frå i vår. Karl var den flinkaste eg har jobba med til no. Me lo litt av Fretexkleda. Det vart kanskje ein meir dokumentarisk serie dette, sidan mangelen på ordentlege klede er stor. Men Karl var flink, og eg og Emil sprang rundt og fotograferte. Med eit fyrste skuledagpreg fekk eg nesten lyst å starte på Lade skule. For ei fin og slitt skule. Synd at den snart skal pussast opp og bli kvit og lik som alle andre skuler i dette land.

 

karl_1 karl_3 karl2karl_4 karl5 karl6 karl7 karl8 karl9

6.12.14
5 Uncategorized
_

lofoten

svolværgeita_signe

 

Det har gått fem år. Eg er atter tilbake. Det kjennest som i går, som om eg berre har vakna i ein draum og at alle fjes eg ein gong kjente er borte og bytta med nye. Eg burde vere vant med det til no, men det er alltid så rart å vere tilbake. Som å gå tilbake i tid. Sitte på rommet som ein gong var mitt. No er det kvitt og upersonleg og i mellomtida har det budd andre i senga mi. Folkehøgskuleelevane er unge og framande. Nesten som born. Eg hugsar eg følte meg så stor då eg gjekk her, no går eg forbi gutar eg tenkte eg sikkert hadde vore forelska i i 2009.
Det er så mange ting som er annleis no enn då. Alle har smarttelefonar på middagsbordet, medan eg ikkje såg på min telefon på eit heilt år. Det har blitt automatisk lys på do, ja – og doen er flytta frå bøttekottet og inn i eit sterilt, kvitt og upersonleg rom. Heva standaren med andre ord. Eg trivdas ganske godt i det bøttekottet i grunn. Der hadde ein lister me skreiv ned fylle-ynskja våre på. Eg føler eg kjem frå steinalderen, og eg føler sjølv brøytestikka eg går forbi på veg til butikken har ein historie.

 

Når ein så skal forelesa, og vere den som har peiling må eg nesten stoppe meg sjølv i å flire. Eg kjenner meg framleis like stor som eg gjorde i sjuande klasse. Berre med litt meir erfaring, eller bagasje i kofferten – alt ettersom korleis ein ser det. Ikkje noko kriminelt, heldigvis.

 

Å vere her er å sjå dei siste fem åra i fort film. Eg kan henge ting og hendingar på knaggar, men i bunn og grunn er eg den same og i det heile har eg nok forandra meg ein del. Eg har eigd tre vinterjakker sidan då, lagt på meg tre kilo, slutta å trene, starta å trene og tatt pause. Eg har sikkert vore betatt av minst femten personar dei siste fem åra, vore ordentleg forelska i seks og fått hjarte mitt knust sånn omtrent fjorten gonger . Eg har dansa meg gjennom netter, drikke meg skamfull og nesten vore avhols i eit halvår. Medan alt dette har skjedd har Vågakallen ruga over Lofoten, Svolværgeita blitt klatra til topps mang ein gong og eg lurar så på korleis alt vil vere neste gong eg er her nord.

10.11.14
0 Uncategorized
_

shiny hair

hårfarge.1

Dette har vore ein slik dag at eg helst ville ligge i senga så lenge som mogeleg, men når ein fyrst klarte kare seg opp, åt ei tørr brødskive, fekk skifta klede frå dei ein har gått med i tre dagar og pussa tennene var dagen god og eg var klar; skogtur og shoot for SØLV sin kolleksjon. Før det fekk eg sjå på studio og kontorplass, vore fittingmodell for Tone og lånt meg ein blits. Sola skin, toppane glitrar og lange hår spring i vinden. Bortsett frå at eg har 146 kroner på konto, smiler livet. Og i kveld kjem Hulda. Hurra!

 

16.10.14
0 Uncategorized
_

scanna sommar

anders båttur bil2 bungalow fulle menn gaute gofa til sjukehus gomogofa himmel 21.58.57 leikny emil

Den gongen me var på fisketur, åt gomo sin heimelaga mat, såg vennene mine røyke i byggearbeid og møtte han som meinte han var nord trøndelag sin mester i handbak.

15.10.14
0 Uncategorized
_

september

iphone4

September gjekk så fort at eg føler eg framleis er i august. Månaden starta så innmari fint med at Anders kom til Frankrike. Me var på roadtrip gjennom Sør-Frankrike saman med alle pensjonistane. Såg Bordeaux, der eg fann alle yndlingsbutikkane mine frå Paris i ei og same gate, me sov i ei boble, var turistar, bada, åt god mat, køyrde fort langs motorvegen, budde i fine hus, besøkte fotofestivalen i Arles og i grunn berre kosa oss. Så var eg plutseleg tilbake i heimbygda mi, det var sol og eg følte eg levde midt i Norge Rundt då eg høyrde på Gjermund Larsen Trio på øyret medan eg tusla ned til barneskulen for å vere vikarlærar. Eg var heime og på Fuglesteg med familien i ei lita veke før eg var nødt til å vende tibake til kvardagen og faktisk prøve leve som fotograf. Noko så skummelt! Eg trur eg framleis trur eg skal få stipend, og det er så rart å plutseleg skulle klare seg heilt sjølv. Leve som sjølvsendig næringsdrivande fotograf. Herregud! Kor startar ein? Eg med å skrive mailar, sende kort, oppdatere det eine og det andre før eg heldigvis fekk nokre jobbar dalande i fanget frå ingenstader. Eg var heldig å få fotografere programbileta til Trøndelag Teater sitt stykke Moby Dick, ei hytte heime og å assistere Lars Botten i Nord Trøndelag. Den siste månaden kjennest ut som eg har leve i ein bag. Frankrike, Ål, Sogn, Trondheim, Ål, Trondheim, Nord Trøndelag. Ja, og så var det oktober heilt plutseleg og eg kom på at eg faktisk har meldt meg opp til eit fag på universitetet. Så eg for vel snart gå og kjøpe fagbøkene så eg kan få sendt semesteroppgåva av garde. God oktober.

iphone.6iphone.3iphone.8iphone.7

 

 

3.10.14
0 Uncategorized
_

Follow and Like: