#3

IMG_5027.2

7.10.15
1 Uncategorized
_

#2

egil_signeluksengard

Eg fartar på. Frå Trondheim til Ål til Oslo til Hellas så Trondheim så Krakow så Ål før Sogn så tilbake til Oslo og det kjennest ut som alt eg gjer er å sjå landet suse avgarde. Det er så fint og så seigt, så dyrt og så mykje igjen. Møte menneske ein ellers ikkje møter, sove i vonde seter, barnebursdag her, dåp der og plutseleg var halve hausten gått og ein må springe til jobb om morgonen. Pustar til brystet, lovar seg sjølv å starte å trene, gløyme å kjøpe stigsykkel, gløymer å ringe oppatt berre spring frå her til der. Men også så mykje spennande, fast løn, gode venner, fine reiser, ny mat og smake. Knipsar som aldri før, over 300 brukande bilder. Her er to av dei.

7.10.15
0 Uncategorized
_

Førde for Hymen

signeluksengard_hymen_0 copy

Ein serie eg tok om kjønnsroller er no publisert i det nye flotte magasinet Hymen.

Modell: Sondre, Styling: Sunniva Hartgen.

signeluksengard_hymen_1 copy

signeluksengard_hymen.6 copy
signeluksengard_hymen.3 copy
signeluksengard_hymen copy
signeluksengard_hymen.4 copy
signeluksengard_hymen.5 copy

11.09.15
1 Uncategorized
_

#1

signe    #1 i eit nytt prosjekt. Eg kan jo ikkje berre jobbe med boka frå heime når eg bur i Oslo. Her er eit frå ein meir observerande dokumentarserie frå mitt fyrste heile halve år i hovudstaden.

11.09.15
0 Uncategorized
_

August

_DSC8365

 

Er det ikkje alltid slik at det er; når det er aller finast må ein seie farvell og reise? Det slår liksom aldri feil. Siste kveld i Lofoten gav kveldssola dei finaste skyene sett frå brua ved Henningsvær. Siste dag i Paris var det rosa då eg flaug heim. Til og med siste dag i Førde var fin og solvarm. No var sommaren også forbi, og eg sat i ein klam buss tilbake til Oslo. Trass mykje jobb har den vore god. Eg har omtrent tjue filmar i sekken frå bokprosjektet om heime, litt opptjente peng og ein underarm av blåmerker frå sykling. Eg har hovudet full av historier, om skogen og minnet fullt av kjærlege klemmar. Farvell det trygge fine heime, og hei hallo by, trikk og bane. I haust skal eg ta mange bileter.

27.08.15
2 Uncategorized
_

Sommaren

mathias_signe_luksengard

(Mathias på traktoren, mai 2015. Outtake frå Leved-boka eg jobbar med i sommar)

Etter knappe sju dagar ferie er eg tilbake i Hallingdal og tilbake i rutinane. Opp klokka ti på halv åtte, jobb klokka åtte til fire, ete og sove. Og slik går dagane. Men det er fint å vere heime. Heime er det alltid mat i kjøleskapet, alltid bretta klede og alltid folk å vere med. Eg går turar, ser filmar, heng med venner og fotograferar.

Prøver og jobbe så mykje eg kan med Leveld-prosjektet mitt, men det er vanskeleg å komme innpå folk, få lov å ta bilete og generellt finne folk som er heime. Skal eg ringe fyrst? Er det lettare å si nei på telefon? Skal eg berre banke på, eller blir det å komme busande inn på folk? Det er mange spørsmål og mange ting og tenke over, men det viktigaste er at eg er i gang. At eg går turar og pratar med folk.

Eg jobbar i fire veker til. Etter det er eg fri som fuglen, bestemmer eigen arbeidstid og må produsere. Dette siste halvår har vore safe og fint, men det er foto eg vil gjere så då er det berre å gunne på. Eg kryssar fingrane for at mykje av boka er ferdig innan starten av oktober, og ellers er det berre å vere i Oslo og gjere fleire kommersielle jobbar som kan betale for husleiga. Heldigvis har eg eit bryllup, litt arkitekturfotografering og nokon kjekke teaterjobbar i vente. Og eit par mote- og dokumentarseriar i hovudet.

22.07.15
0 Uncategorized
_

Tone Olsen

tone-marina17 (1)

For eit par veker sidan fotograferte eg kolleksjonane til Tone Olsen. Eg fall for kvart plagg som vart tatt fram.  No har Tone lansert ei ny nettside, med alt ho har laga dei siste åra. Den er verdt og sjekke ut og kan sjåast her.

tone_2 copytone-alex19 tone_3tonehege10 tone-lookbook copytone-øyst25

16.07.15
0 Uncategorized
_

Eirin

eirin copy

Eg har starta med eit dokumentarporsjekt om heimbygda mi, Leveld. Planen er at det kanskje kan bli ei utstilling eller ei bok ein vakker dag. Foreløpig ligg dei fleste bileta trygt gøymd på harddisken min, men sidan Eirin bur i nabobygda kan de få ein smakebit utan å røpe for mykje.

29.05.15
0 Uncategorized
_

MUGG

signe_luksengard_2 copy

Dei siste fire månedane har eg budd på eit hus eg knapt har klart å puste i. Småmugg og ingen ventilasjon, feitt på talerken og gul gugge i frysaren. Det einaste fine var at det gav inspirasjon til desse bileta her. Publisert i Motalite.

 

signe_luksengard_4 signe_luksengard_6 signe_luksengard_7 copy

7.05.15
1 Uncategorized
_

Lars Tunbjörk

© LARS TUNBJORK / AGENCE VU "OFFICE" - "LES BUREAUX" 1999 N¡5480

Det nådde meg fyrst no. Eg er så glad for at eg fekk høyrd Lars Tunbjörk prate, og i starstruch tilstand fekk danse med han ein lurdagskveld i fjor. No har Sverige og fotografiet mista ein av sine aller beste…

«Den som tror att det är ett bildspråk som går ut på att bränna av en blixt när en turist håller på att tappa glassen har inte förstått hur långsamt och lyhört Lars Tunbjörk arbetade. När han närmar sig en plantering i en rondell i Borås är det med kärlek. Jag vet ingen som lyckats vara så sentimental och så osentimental i en så briljant kombination.»

8628216_fullsize © LARS TUNBJORK /  AGENCE VU OFFICE "LES BUREAUX" 1999 N¡5481r

13.04.15
0 Uncategorized
_

Follow and Like: