sky

 

Det nermar seg slutten her nede. To månedar er snart ferdige. To månedar som på ein måte har gått så innmari sakte, men som samtidig føles ut som ei kort veke. Ein blir kjent med ålreite folk verda over, kvar einaste gong, og denne gongen er det også ting og personar eg kjem til å sakne. Snart kjem kjæresten min til Frankrike, og me skal reise på roadtrip til fotofestivalar og små landsbyar. Eg gler meg så.

 

bade_montalivet

Eg kjem til å savne:
– Sola og varmen
– Mozzarella, tomat og basilikum
– Å ha ein eigen basilikum og myntehage
– Å kunne gå topplaus når det er varmt
– Å leve eit veldig roleg og behageleg liv, der ein aldri veit kva ein skal gjere.
– Å få tilberedt god mat kvardag
– Markedet der ein kan kjøpe 4 ullgenserar til 100 kr.
– Å kunne sykle to minutt og få nybaka baguettar til frukost
– Alle ungane her
– Adele

 

Eg gler meg til:
– At kjærasten min skal komme
– Å kunne prate og kose med kjæresten min i staden for å ringe han langt langt vekke
– At internettet er tilgjengeleg overalt
– Til å kome heim og møte familie og bygda mi
– Til å sjå magen til Monica vere større og å klemme ho og Vetle sidan dei skal få ei jente snart
– Til å reise til Fuglesteg
– Å møte venner i Oslo
– Kvardagen og å kunne styre den sjølv
– Å danse på Brukbar
– Å fikse opp stugu

23.08.14
0 Uncategorized
_

_SFL6599..1

Aldri før har eg leve eit så roleg liv. Aldri før har eg tid til å lese fem bøker på tre veker. Å vere her er varmt og godt. Det er lærerikt og både kjekt og bra. Eg lærer meg foto, eg lærer meg fransk og eg lærer meg å vente. Gjerne ein heil dag. Shoot kl tre, nei den blir kl åtte, nei vent – me tek det i morgon. Alltid vere klar med sekk, reflektorar, tunge linser og fleire kasser film. Sterk(are) blir eg også, her eg går rundt som eit pakkesel. Montalivet-livet startar bli rutine no. Det er i grunn ganske godt. Samstundes gler eg meg meir og meir til å komme heim til kjente og kjære. Nudistlivet er heilt greit, men intimgrensa mi har eg framleis. Ikkje for det at den har vore så stor før, men eg likar å vere åleine på badet, å sleppe å få gamle menn sine baller (som blir hengande lengre og lengre ned for kvar dag) alt for nære fjeset mitt. Dessutan likar eg best å bli servert mat av folk som har på seg bukse. Bortsett frå dette er livet ganske ok.

_SFL6598  _SFL6605.2

7.08.14
2 Uncategorized
_

to veker

Snart to veker har gått. Me sitt i varmen og sveittar og drikk orangina. Det er omtrent like varmt heime, til vår store skuffelse. Så blir me ikkje brunare enn andre likevel. Det er vanskeleg å ta bilder her. Så då blir det via skildring og teikning.

 

Det har allereie storma to gonger, og i kveld skal me oppleve ein ordentleg thunderstorm. Ein gong vart ein mann drepen i ein storm, så me er nervøse. Dei andre stormane har råka lenger sør, men det har vore lyn og tornen kvart andre sekund. Eg og Sigrid satt stille og drakk vin på verandaen og såg på stormen med store auger. Det gjer me nok i natt også. I morgon startar workshopen med elevar frå heile Europa, så då blir det nok travle dagar. Me har hatt ein roleg start der me har brukt dagane på å sjekke nyheitene, gå til bakaren, ete makronar og ligge på stranda, før me kanskje har hatt ein shoot på kvelden. Frå og med i morgon blir det nok mykje lysmåling, reflektorbruk og mating av film.

 

Naked in France, for ein sommar! Eg vil sjå fleire penisar no enn mange ser gjennom eit heilt liv. Eg vil la puppene slenge og kroppen bli gyllen. Men så står han der framom meg. Den fyrste nudist. Han står rett opp og ned og pratar om vêret , trur eg – det går så fort på fransk. Eg kjenner kjeven sleppe, gape åpne seg og eg veit rett og slett ikkje heilt kv eg skal seie. Augo går dit dei ikkje skal sjå, sjølv om eg prøver å sjå han i augo når han pratar til meg. Såpass har eg då lært. Endå verre er det når folk syklar nakne (dette kallar me for gnikk og gnu, grøss og gru.)

 

No, ei veke seinare er det heile meir avslappande. Ein har sett så mykje at ingenting overraskar ein. I staden legg eg meg på stranda, kjenner sola varme. Det er godt å sleppe leite etter bikinien når ein hoppar i bølgene. Eg let att augene og tenkjer at dette nudistlivet ikkje er så aller verst likevel.

 

bilde 5.2

25.07.14
1 Uncategorized
_

Fly

sky

Turen til Frankrike var lang og tårevåt. Avskjeden frå heime hardare enn forventa, men då eg fyrst kom meg på flyet var det godt å endeleg vere på veg. Eg og Sigrid gjekk spente gjennom dei teppebelagte golva på flyplassen i Bordeaux før me begge brukte litt ekstra tid på å finne kofferten av nervøsitet for å møte fotografen me skal assistere; Jock Sturges. Gjennom døra kunne me sjå han pratande i telefonen med ei blå baseballluve på hovudet. Me tok eit djupt innpust, gjekk ut og smilte som berre det. Here we are, trur eg me sa – og Jock sa Its nice to meet you. Det var absolutt ingen grunn til å vere nervøse, då Jock viste seg å vere ein triveleg mann som likar å halde praten i gang. Det er den framleis, og me får høyre historier om alle store fotografar og redaktørar samt røverhistorier om alle naboar. Bungalowen, som eg endå ikkje har funne ut korleis eg skal skrive, er liten men heimekoseleg, og desse to månadene kjem nok til å springe frå uss når me fyrst kjem i gang.

 

Legg ved nokre bilder frå flyturen hit.

 

_SFL6451.6himmel_SFL6451.7

19.07.14
0 Uncategorized
_

Assistering

I dag er det fredag og to dagar til avreise. Avreise til kva lurar du kanskje på, og eg skal fortelje deg at eg skal til Frankrike på sundag. Ikkje for å feriere, men for å jobbe. I nesten to månedar framover skal eg ha base i Bordeaux. Jobben er å assistere fotografen Jock Sturges. Han er aktfotograf, og bur like ved ein nudiststrand. Det var det eg trudde då eg takka ja. Det viser seg at nudiststranda er ein nudistby me skal bu i, og eg kjenner at dette kan bli svært spennande for meg som aldri har sett mine føter på ei nudiststrand ein gong.

 

frida

(Her er Frida i Frankrike for eit par år sidan. Beklagar litt dårleg kvalitet, eg fann ikkje anna enn gamalt facebookmaterieale just nu.)

 

Eg veit ikkje heilt kva eg har i vente. Eg ser for meg tjukke, solbrente tyskarar med solhatt, runde solbriller, rompetaske og med sokkar i sandalane. Sjølvsagt med ei pølse i handa. Eg håpar det nesten er nokon slike der, og då håpar eg at eg får lov å fotografere dei. Time will show som dei seier, og no har eg berre att å gjere ferdig det som kjennest som ti små fotojobbar, pakke (kva pakkar ein eigentleg til nudiststrand lurar eg på), besøke kjente og kjære og gråte ein skvett.

Det er rart, til eldre eg blir til verre blir det å reise vekk frå heime. Alltid klumpen i magen når eg reiser vekk og at eg i tankane mine tenkjer «kvifor i all verda kan du ikkje berre flytte hit og bu her for alltid?». Det gjer direkte vondt i magen å reise vekk frå mamma, pappa, veslebror og veslesyster, kjærast og besteforeldre og fine fine venner. Men eg kjem jo tilbake, og då er framleis alt som det alltid har vore. Eg for bu her vidare seinare, for no skal eg jo på eventyr.  Gler meg til å fortelje om det til dykk!

 

11.07.14
0 Uncategorized
_

12345678

ONE TWO THREE FOUR FIVE SIX SEVEN EIGHT ONE from Signe Fuglesteg Luksengard on Vimeo.

 

I vår hadde me eit dokumentarkurs på skulen som skulle omhandle ungdom/kids. Eg bestemte meg for å dokumentere Nixies Cheerteam i Trondheim. Cheerleading er ein sport eg ikkje har noko peiling på. Eg såg for meg scener frå Bring It On, spiritfingers og mykje drama. Heldigvis viste verklegheita seg å ikkje vere i nærleiken av dramatikk. Lite visste eg om kor hardt cheerleading var, kor spreke dei er, kor sterke dei er og kor bra samhald det er på laget.

 

_SFL8599_SFL7552_SFL8920_SFL7472_SFL8169_SFL7820_SFL8645_SFL8843_SFL9167_SFL8146_SFL9225_SFL7668_SFL7877_SFL7553_SFL7892_SFL8099_1_SFL8143_SFL8981_SFL8737

Klikk HER for å sjå meir

Kvit

1

Eg har alltid vore fascinert av det ekle mot det reine. Ein kan vere så perfekt ein berre vil, men alle har blod, ørevoks og mensen. Alle må på do og alle prompar i søvne, rapar etter ein har drikke brus og kan vere veldig ekle om ein tenkjer over det. Ein stor kontrast mot det perfekte og glatte porselensfjeset de ser. Dette var utgangspunktet då eg laga denne serien om Ingeborg.

kvit.2 4kvit.4kvit.57kvit.7

KVIT.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
MUA: Siw Janne Vigstad
Modell: Ingeborg – Trendmodels

Den morgonen eg gjekk på do 18 gonger

 

Dette er mitt attende dobesøk berre i formiddag. Det svir medan den vesle dråpen av urin drypp forsiktig mot vatnet i doen. Plipp seier det. Ikkje eit plopp ein gong. Det kjennest meiningslaust å dra opp snora for å spyle ti liter med reint vatn ut, og sløse med det som mange må gå mange mil for å hente kvar dag. Eg las nemleg ei bok om ”50 ways to save the world” då eg var femten. Eg ville forandre verda. Gjere ho betre. Eg var sinna på at Noreg juksa med klimakvota, korleis Amerika gjekk til krig og kvifor ikkje alle berre kunne vere venner. Litt naiv, kanskje, skulle bli statsminister. Læraren min på folkehøgskule var god på sitat og kom med dette ein gong: ”Da jeg var ung ville jeg forandre verden. Nå bare observerer jeg den.” Den gjeld i alle fall meg. Litt. For her eg sitt på do med den eine vesle urindråpen min sømmande i ti liter med vatn synest eg det er vanskeleg å dra i snora. Samstundes seier hjernen min til meg «herregud, er det such a big deal, liksom.» Tankane krinsar rundt om  dette: om eg turkar meg er det ekkelt for nestemann å gå på do, sjølv om det berre er ti liter med vatn, ei dråpe urin og litt papir som ligg der. Det vesle dilemmaet gjer at eg blir sittande litt lenger. Tenkje over at eg faktisk bør save the world littegranne meir medan eg håpar at det kjem ei dråpe til. Men det gjer det ikkje, så eg ristar meg som om eg var ute på tur. Altså, ein dråpe urin, det kan vel ikkje akkurat vere så veldig uhygienisk å ha i trusa. I det eg vaskar hendene kjenner eg at eg må tisse på ny. Eg har vore gjennom dette før og veit at det berre er hjernen min som lurar meg medan eg nynnar på det eg trur er ein musikalsang som går noko som Here I go agaaaiiiin.IMG_1117.2

Eg set meg ved bordet og tygg på endå eit tranebær. Eg har nesten ete opp heile posen. Posen er eigentleg bror sin, men han for tåle havregraut med berre turka ananas på i morgon. Det er uansett ganske luksuriøst å ha tranebær på grauten om morgonen når ein er student, og så tenkjer eg at akkurat no har eg behov for desse bæra litt meir enn det han har. Kanskje litt egoistisk, men har me ikkje lært at alle eigentleg er egoistiske innst inne og sjølv om me faktisk prøver å save the world så gjer me det litt fordi me sjølv vil føle oss gode. Det var det ein som meinte i alle fall. Eg hugsa ikkje heilt kven, det er lenge sidan eg har lese filosofi.

 

Eg kunne tenkt meg å lese meir. Kunne meir. Vinne quiz og diskusjonar. Ikkje misforså, eg har sterke meiningar og eg kan ein del. Eg har alltid vore interessert i kunnskap. Problemet no er at no har alle ein bachelor eller mastergrad i alle verdas ting og tang at ein kan ikkje berre starte å meine noko om noko utan å ha lese seg skikkeleg opp. Og det brukar eg ikkje alltid gjere, for eg veit jo jammen meg ikkje kva ting me skal diskutere før me er i gang. Så då blir eg sittjande der då, og seie at ”Nei, eg er ueinig.» og seie at eg trur det er slik og slik,  sjølv om tru kan du gjera i kykrja, som ein gut eg var forelska i ein gong for lenge sidan sa til meg. Men igjen, eg veit ikkje akkurat om han hadde rett i så mykje..

 

Det eg veit er at det svir og at eg må tisse. Eg spring inn på doen, prøver presse ut eit par dråpar til. Spring innatt til varmen og sett meg ned. Prøver å ikkje vere kald. Det kan vel gjere det endå verre. I morgon må eg til legen. Jaja, så e det på’an igjen. Eller HERE WE OG AGAIIIIIN som nokon eg ikkje hugsa namnet på song på radioen.

 

eksamen signe008.3eksamen signe007eksamen signe008.2

24.06.14
2 Uncategorized
_

eksamen

Screen Shot 2014-06-03 at 22.23.13

Eg sit og arbeidar med eksamen i desse dagar. Sola skin, og aller helst vil eg berre ligge i parken, ete jordbær og lese ei god bok. Misforstå meg rett, foto er fantastisk – og oppgåvene er flotte. Det er berre det at det er sinnsjukt varmt og det kjennest som om alle har fri. Og tar eg med dataen ut i sola ser eg jo ingenting. Uansett. Eg driv som sagt med eksamen. Den sjølvvalte delen av eksamen, og eg har valt sjangeren fashion. I den oppgåva skal eg ha ein locationshoot, ein studioshoot og to filmar (bakomfilm og artfilm.) Eg er ferdig med location, har studio i morgon og sitt no og redigerar artfilmen. Her er nokre teaserstills.

Screen Shot 2014-06-03 at 22.23.31 Screen Shot 2014-06-03 at 22.23.44 Screen Shot 2014-06-03 at 22.24.22 Screen Shot 2014-06-03 at 22.24.30 Screen Shot 2014-06-03 at 22.24.50Screen Shot 2014-06-03 at 22.42.15

3.06.14
0 Uncategorized
_

bestevenner

Å laga eit prosjekt om bestevennene ein har og har hatt opp gjennom alle år viste seg å vere nostalgisk. Eg lo meg skakk ihjel av å lese gjennom minneboka mi, andre gonger gråt eg ein skvett for at det ikkje er som då me gjekk i tredje klasse og alle vennene mine budde eit par km unna meg. No bur me over heile Noreg. Eigentleg heile verda. Det må nøye timast ei helg der alle er ledige så me kan møtast kanskje ein eller to gonger i året. Når vart det slik?

_SFL0747 signe_3 på do _SFL1855

 

Når ein flyttar får ein sjølvsagt nye venner, og sjølv om eg mange gonger har tenkt at «STOPP, NO ER DET NOK. NO VIL EG BERRE HA DEI EG HAR OG HA TID MED DEI» så klarar eg ikkje la ver å bli glad i nye.. Og godt er det.

Uansett: Eg har vore heldig og kan telje på fleire enn to hender kor mange nære og gode venner eg har. Det er liksom nokre bestevenner frå kvar anledning. Nokre frå då eg budde to år i Lofoten, nokre frå Paris, nokre frå Trondheim og nokon har eg hatt heile livet. Men når ein har så mange, har ein eigentleg nokon? Neida, eg klagar på noko eg ikkje har nokon grunn til å klage på, for eg er faktisk heilt sjukt heldig.

Uansett 2: Boka er sett saman av dokumentarbilder frå notid og fortid, innklipp frå minnebøker og album, facebookchattar og eit par fashionbilder med modell.Om du vil sjå heile boka og fleire bilete kan du sjå enten HER eller HER

22.05.14
3 Uncategorized
_

Follow and Like: